Hopp til innhold

Den erotiske Vigeland

Den erotiske Vigeland

Ein av Oslos best bevarde løyndommar kallar dei museet. No synast enda fleire løyndommar fram på Emanuel Vigeland museet på Slemdal i Oslo, der nyoppdaga skisser av målaren Emanuel Vigeland blir viste fram til 31. oktober. (12.10.10)

I 2003 gjorde ein elektrikar som arbeidde ved Emanuel Vigeland museet eit uvanleg funn. I eit skjult loftsrom i taket vart det funne rull på rull med hittil ukjende skisser av Vigeland. Skissene viser alle sider av målaren sine arbeid, både kyrkjekunst, utsmykkingsoppdrag og originale, fullskala skisser til freskearbeidet Vita, både i fargar og med kol og blyant.

Truleg har skissene lege gøymt og gløymt sidan bygningen sto ferdig i 1947.

 

Emanuel Vigeland museet vart oppførd i 1926 av Emanuel Vigeland sjølv, som eit framtidig museum for hans skulpturar og måleri. Seinare avgjorde han at museet òg skulle tene som hans gravkammer. Alle vindauga vart mura igjen og oska hans skulle kvile i ein urne over døra.

 

Religion og erotikk

 

Hovudverket i mausoleet er det 800 m2 store måleriet Vita, som skildrar scener i livet til mennesket frå unnfanging til død. Vigeland er kjend for kyrkjekunst og religiøse motiv, men dei store freskane i mausoleet syner også den erotiske Vigeland. Det som er nytt med dei nyoppdaga bileta er varmen og nærleiken ein finn i utføringa. Mange av skissene er svært detaljerte erotiske teikningar. Og materialet står i kontrast til kyrkjekunsten, jamvel om ein kjenner den erotiske Vigeland i mausoleet.

 

5. september opna utstillinga Eros & Vita. I samband med utstillinga gjenopnar museet galleriet som ligg i mausoleet sitt siderom, etter å ha vore stengt i fleire år. Her vil dei nye bileta kunne sjåast, saman med freskene som er måla i taket på det lyse høglofta rommet. Og for dei som heller ikkje har fått med seg sjølve mausoleet med sitt mørke, lukka rom, er dette eit godt høve til å sjå både den lyse og den mørke Vigeland på ei og same tid.

 

 

Norsk kulturråd har støtta utstillinga med 30 000 kroner. Utstillinga vil vere open på søndagar mellom kl 12 og 16 fram til 31.oktober.

 

http://www.emanuelvigeland.museum.no/museet.htm

 

Et av bildene som ble hentet ned fra loftet.

 

Her blir bildene hentet ned i museet, etter å ha ligget gjemt i over 50 år.

Skrevet av: Mari Johansen
Sist endret: 12.10.2010
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer