Hopp til innhold

Tekststørrelse:

A A A

Innkjøp av ny norsk faglitteratur for barn og ungdom

 

VIKTIG INFORMASJON: Frå og med 2012 er det igjen to søknadsfristar for innkjøpsordninga for faglitteratur for barn og unge - 1. mars og 1. september. 

 

Ordninga skal sikre at det finst gode norske fagbøker for dagens unge lesarar, om alle slags emne. Det kan søkjast om innkjøp av førsteutgåver av norske fagbøker/faktabøker/sakprosa for barn og ungdom.

Denne innkjøpsordninga er selektiv, det vil seie at det øvre talet på innkjøpte titlar er bestemt på førehand ut frå årleg justert budsjettramme. For tida er det rom for å kjøpe inn omkring 25 titlar pr år. Kva bøker som kjøpast inn av dei det blir søkt om, er først og fremst basert på kvalitet. Utvalet kan også gjere andre prioriteringar etter eige skjønn, ut frå ei heilskapleg vurdering.

Kvar bok blir kjøpt inn i 1550 eksemplar, som blir sende ut til folke- og skolebiblioteka.

Forlag/utgivar søkjer på bakgrunn av ferdig bok eller grunnlagsmateriale for prosjekter som er planlagd utgitt i inneverande år. Med grunnlagsmateriale forstår vi manus som er språkvaska og faktagranska, inkludert eit representativt utval av bildemateriale. Det skal også leggjast fram ein skisse for layout og framdriftsplan for produksjonen. Særskild for fagbokordninga er også at ei bok som ikkje er langt nok kommen til fristen, kan søkjast innkjøpt under ordninga til den første søknadsfristen neste kalenderår.

Retningslinene for ordninga blei revidert i 2011, og vilkåra som gjeld honorarutbelingar frå forlaget til rettshavarane og honorarrefusjon frå Norsk kulturråd til forlaget er endra. Sjå Del 3, § 12 i retningslinene under for meir utførleg informasjon. 

 

For meir informasjon kontakt litteraturseksjonen.

 

Retningsliner for ordninga.

 

Søknadsskjema kan sendast inn elektronisk til post@kulturrad.no, til fristane 1. mars og 1. september. Forlaget sender som vedlegg til e-posten eit følgjebrev der tal titlar inngår, saman med ein oversikt med namn på forfattarane og titlar ført i alfabetisk rekkefølgje. I tillegg skal kvart skjema leggjast ved som ein separat fil i pdf- eller doc-format. Ferdige bøker eller grunnlagsmateriale må framleis sendast per post til Norsk kulturråd.

Søknadsskjema faglitteratur barn og unge bokmål.doc   
Søknadsskjema faglitteratur barn og unge bokmål.pdf

Søknadsskjema faglitteratur barn og unge nynorsk.doc 
Søknadsskjema faglitteratur barn og unge nynorsk.pdf 

 

Sist endra: 13.02.12

Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer