Hopp til innhold

Tekststørrelse:

A A A

Innkjøpsordninga for omsett skjønnlitteratur


VIKTIG INFORMASJON: Vi har hatt problem med innsending av søknader og vedlegg elektronisk. Vi må difor gå tilbake til å bede om søknadsskjema og 4 kopiar av alle vedlegg på papit (sjå ny postadresse under). 


Mål
Ordninga skal sikre at det finst omsett litteratur frå mange språk til norsk, til utlån i norske folkebibliotek. Eit utval omsette romanar, novellesamlingar, annan kunstnarleg verdfull prosa og skodespel blir kjøpte inn.

Kva kan det søkjast innkjøp for?

Forlaga skal søkje om innkjøp etter at kontrakt er inngått med originalforfattar og omsetjar, men før boka ligg føre. Aktuelle titlar er primæromsetjingar til bokmål og nynorsk av bøker for vaksne, barn og ungdom og nyutgivingar av klassiske verk.

Denne innkjøpsordninga er selektiv, det vil seie at det øvre titteltalet er bestemt på førehand ut frå årleg justert budsjettramme. I 2011 kan inntil 120 titlar kjøpast inn. Kva bøker som skal kjøpast inn av dei det blir søkt om, er først og fremst basert på kvalitet og breidde. Omsetjaren får utbetalt 25% av honoraret som ein bonus frå Kulturrådet. Utbetalinga skjer gjennom Norsk Oversetterforening.

Kvar bok blir kjøpt inn i 500 eksemplar til folke- og skolebiblioteka. 

Mosaikk-litteratur

Prosjektet "Mosaikk-litteratur" held fram i 2011, og forlaga blir oppfordra til å søke. Bøker omsett frå asiatiske og afrikanske språk kan koma inn under Mosaikk (nytt frå 2008). Kulturrådet dekker då heile omsetjarhonoraret og kjøper inn 500 eksemplar pr. tittel. I tillegg får omsetjaren bonus (sjå over) som for andre innkjøpte omsetjingar.

Sjå elles retningslinjene og søknadsskjema.

Søknadsfristar: 1. mai og 1. november.

For meir informasjon kontakt litteraturseksjonen

Søknadsskjema og retningsliner finst her på bokmål og nynorsk og i pdf- eller word-format:

Innkjøp av oversatt litteratur bokmål.doc
Innkjøp av oversatt litteratur bokmål.pdf

Innkjøp av omsett litteratur nynorsk.doc 
Innkjøp av omsett litteratur nynorsk.pdf


Retningslinjer.pdf 
Retningslinjer.doc

Se også: påmelde og innkjøpte bøker

Sist oppdatert: 17.01.11

Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer