Dirigent Terje Mikkelsen har vore i arkiva og funne fram symfonisk musikk av dei norske komponistane Ole Olsen og Eyvind Alnæs. No er han aktuell både på plate og i konsertsalar i Europa, med støtte frå Norsk kulturråd. (22.06.10)
Musikken har han fyrst spelt inn med Latvian National Symphony Orchestra. Sidan har han spelt både Olsen og Alnæs med Tchaikovsky Symphony Orchestra i Moskva og på Festspela i Nord-Noreg. Til hausten skal dei på turné i England.
Terje Mikkelsen dirigerar orkester over heile Europa og Asia, og mellom dei Tchaikovsky Symphony Orchestra i Moskva kor han er fyrste gjestedirigent. 19. mai leia han orkesteret gjennom eit reint norsk repertoar i Store sal på Konservatoriet i Moskva, den mest prestisjetunge konsertsalen i Russland. Ole Olsen sitt symfoniske dikt Åsgårdsreien og Eyvind Alnæs sin 1. symfoni vart spelt saman med verk av Edvard Grieg og Johan Halvorsen.

Tchaikovsky Symphony Orchestra
NRK Dagsrevyen laga eit innslag frå konserten som de kan sjå her: http://www.nrk.no/nett-tv/indeks/214605/
19. juni opna Mikkelsen og Tchaikovsky-orkesteret Festspela i Nord-Noreg, og til hausten skal dei turnere i England med norsk repertoar på alle konsertane.
Norsk kulturråd har i fleire år støtta innspeling av norsk komposisjonsmusikk. Eyvind Alnæs sin fyrste symfoni hadde ikkje vore framført på over 100 år då Terje Mikkelsen henta han fram att. Det er då ekstra flott å kunne bidra til både å få musikken ut på plate og i konsertsalane.