Hopp til innhold

Meir enn ein bokhandel

Bildet viser Torpedos nye lokaler i Bjørvika

Oslo har fått kunsthall i Bjørvika. Med på flyttelasset vart og Torpedo, kunstbokhandelen som tidlegare hadde lokale i Hausmannsgate. Torpedo formidlar samtidskunst innan trykte media og har etablert seg som ein viktig del av den norske kunstscena. (12.10.10)

- Flyttingen til Bjørvika samlokalisert med nystartede Kunsthall Oslo sikrer Torpedos videre eksistens og skaper nye muligheter for videre drift, seier dagleg leiar i Torpedo, Karen Christine Tandberg.

 

Motvekt til dei store

 

Sidan starten i 2005 har Torpedo opparbeidd seg et godt rykte internasjonalt og ynskjer å stå som motvekt til dei store institusjonane i kunst-Noreg. Torpedo set fokus på den papirbaserte samtidskunsten som mange gonger ikkje får plass i galleri og museum. I spenningsfeltet mellom forlagsarbeid, produksjon, formidling og distribusjon har Torpedo etablert seg som ein viktig del av den norske kunstscena.

 

Torpedo står i dag fram meir som eit ikkje-kommersielt og prosjektbasert rom for kunst enn ein rein kunstbokhandel. Drifta omfattar mellom anna produksjon av utstillingar og publikasjonar på forlaget Torpedo Press, som til dømes Artist Books, fanziner, monografiar og teoretiske tekstar, som dei distribuerar både i eigen butikk og vidare til den internasjonale kunstmarknaden.

 

Planlegg gjesteprogram

 

Ny plassering set Torpedo inn i ein større kunstfagleg samanheng. Dei er no knytt til ein ny og viktig aktør i kunstlivet i hovudstaden, samstundes som dei beheld den uavhengige posisjonen sin. Med dette får dei fleire sjansar for tverrfagleg utviklingsarbeid og nye formidlingsprosjekt. Samlokaliseringa med Kunsthall Oslo samlar mykje fagkompetanse på ein plass og gjer nye samarbeidsprosjekt mogleg. I framtida er det til dømes planlagt gjesteprogram for kunstnarar og skribentar.

 

- Vi ønsker at bokhandelen skal fungere som et aktivt rom, gjennom diskursive aktiviteter som presentasjoner og debatter, utstillinger og lanseringer. Vi tror plasseringen kan bidra til å gjøre Torpedo mer tilgjengelig for et bredere publikum, fortel Tandberg.

 

Kulturrådet løyver 800 000 kr til Torpedo Kunstbokhandel øyremerka til investeringar og arenautvikling.

Skrevet av: Siri C. Brockmeier
Sist endret: 12.10.2010

Legg igjen en kommentar

Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer